Som man "shouter i wood'n" får man svar
Av Øystein Kvistad, fredag 5. mars 1999 kl 17:16Resten av kommentaren:
Mora mi er ei bestemt kvinne. Mellom anna fekk ho tidleg prenta inn inn i hovudet mitt at ein ikkje skulle sette stygge merkelappar på folk som hadde andre meiningar enn meg sjølv, uansett kor idiotisk eg enn måtte synest opponenten argumenterte.
Eg ville difor ikkje drøyme om å kalle Jørgensen for ein saueskolt.
Ei heller vil eg kalle Jørgensen ein kompetent datamann. Men skulda får dét må Jørgensen ta sjølv, sidan han påstår at Internett er det same som verdensveven.
Dét er det ikkje.
Før Jørgensen les vidare, kan eg anbefale kollega Harald Brombachs kommentar "Pølsevev om verdensvev" frå 30. november i fjor for ei innføring i fagtermane.
Stammespråk er maktspråk, men for å kunne utøve denne makta må ein vite kva orda i stammespråket betyr. Når surpompen Jørgensen ikkje ein gong beherskar (det engelske) stammespråket han ynskjer andre skal tvihalde på, bør han i det minste halde kjeft om kor dumt han synest det er at andre prøver å forklare orda for han.
Likevel kaukar Jørgensen med versalar: "SNAKK FORSTÅELIG!"
Oppfordringa kjem eitt avsnitt etter at han har informert digi.nos lesarar om at han "hater software med bugs".
For engelsk jo eit så mykje betre (data)språk enn norsk, resonnerar Jørgensen, som samstundes finn det nyttig å karakterisere alle andre som meiner noko anna som "fullstendig talentløse" [...] "fehuer".
Eg trur ikkje femtiåringen som med usikre skritt går inn døra på Elkjøp for å kjøpe si første datamaskin, med von om å henge med på utviklinga som best ein kan, er noko "fehue" - sjølv om han må få det forklart på (ny)norsk at TCP/IP er to overføringsprotokollar som i dag er basisen for det vi kjenner som Internett.
Eg trur heller ikkje vår femtiårige ven sett like stor pris på å møte ein 23-årig jypling som onanerar i random access memory, GUI, firewalls, e-mail og andre engelske ord det finst gode norske oversettingar for, som han ville likt å få ein ekspeditør som faktisk kan forklare kva slags produkt ho har å selge.
Jørgensen rir vidare på sin språklege kjepphest med å slå fast at "vi har standarder av den sterkeste sorten, nemlig de facto standarder" - eit begrep han i si forvilling blandar saman med "demokrati i utvikling og praksis".
Kjære vene. Sidan når fekk de facto-standardar noko som helst med demokrati å gjere?
Dei fleste de facto-standardene som eksisterer i dataverda i dag har vorten standardar meir fordi selskapa som leverer desse løysingane har massive markedsføringsapparat og ditto pengar i ryggen, ikkje fordi fleirtalet av brukarane (demokrati) nødvendigvis meiner de facto-standarden er best.
Eit enkelt døme: Microsoft Windows har aldri vore, og vil truleg aldri bli, verken det beste operativsystemet eller det operativsystemet folk flest helst vil ha. Likevel har dei fleste av oss systemet installert på våre personlege datamaskiner. Årsak: det er knappast praktisk mogleg å få kjøpt seg ei ny maskin utan Windows installert på førehand.
Dét burde i det minste den sjølvutnevnte dataspråkrefsar Jørgensen ha fått med seg.
Når ein les gallen som veltar ut frå Jørgensen, minnest eg kameraten til ein kvinneleg kollega av meg som vart eitrandes forbanna over at ho ikkje viste nevneleg interesse for det han sysla med:
- Åååh! Din nerds!, klaga han.
- Det heiter ikkje nerds, det heiter nerd, korrigerte ho.
- Big different!
Ha ei god, norsk helg.
---
P.S.
Til Ivar Aasen: Før du roterer for mange gonger i grava, ber eg om orsak for den dårlege språkføringa over. Nettbladfyken har knappast praktisert nynorsk sidan 1987, men kva kastar ein vel seg ikkje utpå for å forsvare ein heidersmann som deg.
D.S.

DISKUTER SAKEN
Avtaler/kontrakter
Ergogroup skal drifte Vital i fem år
Avtalen gjør Vital-eier DnB Nor til en av IT-
selskapets største kunder.
Juss & samfunn
Anker ikke Pirate Bay-
dom
Rettighetshaverne gir opp å få Telenor til å sperre all tilgang.
Resultater/finans
Vikarbonus som Apple-
sjef: 130 millioner
Lukrativt å passe butikken mens Steve Jobs var syk.
Mest debattert siste uke
Siste debattinnlegg
- This thing called love
Sikkerhet
Botnett reiste seg fra de døde
Operatører greide å stanse en kriminell nettilbyder, men bare over natta.
Mest lest siste uke
Bedriftsteknologi
Tilbyr virtuelle arbeidsflater med selvbetjening
Dazzle og nye XenApp 6 fra Citrix lar både brukere og IT-admin tjene på sentralisering.






