FORBRUKERTEKNOLOGI

Appell om sletting av data på brukt utstyr

Problemet er blitt så alvorlig at Datatilsynet synger ut.

13. nov. 2009 - 11:57

(NPK): – Fjern bilete og filer før du kastar eller sel pc, mobil eller kamera, om du ikkje ønskjer at andre skal ha tilgang til dataa dine, seier Atle Årnes, senioringeniør i Datatilsynet.

Eldre mobilar, pc-er og digitalkamera blir gjerne byta ut med nyare modellar etter kvart. Når den nye er i hus, vil mange kvitte seg med den gamle. Mange elektroniske dingsar ender opp som søppel utanfor mange elektrobutikkar.

– I praksis ser vi at ein del av dette utstyret finn vegen til nye brukarar. Lagringsmedium i det gamle utstyret kan vere fylt med bilete, tekstar eller data du ikkje ønskjer at andre skal ha tilgang til, åtvarar Årnes på nettsidene til Datatilsynet.

Mange av dei elektroniske dingsane vi brukar, har stor lagringskapasitet, og harddiskar og andre lagringsmedium kan innehalde høgst personleg informasjon. Det kan dreie seg om private bilete, personleg informasjon, notat, e-post og sms. Lagringskapasiteten kan motsvare eit stort arkivskap stappfullt med tettskrivne A4-ark.

Vanleg sletting er ikkje nok
– På dei fleste datamaskiner vil vanleg «sletting» ikkje innebere full fjerning av data, påpeikar Årnes. Dei fleste datamaskiner vil berre «merke» dei aktuelle filene som tilgjengeleg for overskriving på eit seinare tidspunkt.

– Dei gamle dataa er altså ikkje borte, dei kan berre ikkje lesast på vanleg måte lenger. Nokon kan derfor gå inn og rekonstruere filer, e-postar og bilete med relativt enkle middel, forklarer Årnes. (©NPK)

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.
Tekjobb
Se flere jobber
En tjeneste fra