KOMMENTARER

- Benytt anledningen til å få MinID

Fornyingsminister Heidi Grande Røys kommer med en oppfordring til skattebetalerne i dette leserinnlegget.

Fornyingsminister Heidi Grande Røys
Fornyingsminister Heidi Grande Røys
Harald BrombachHarald BrombachNyhetsleder
17. apr. 2009 - 14:01

Av fornyingsminister Heidi Grande Røys

Tid for å skaffe seg ein elektronisk ID for offentlege tenester

30. april er fristen for å endre sjølvmeldinga. Dei av dykk som ønskjer å levere på papir kan sjølvsagt framleis gjere det. Om du vil gjere dette elektronisk kan det vere eit godt høve til å skaffe seg ein elektronisk ID. Om du registrerer deg for MinID kan du enkelt levere meldinga og skaffe deg tilgang til mange andre offentlege elektroniske tenester samstundes.

I desember 2008 fekk alle over 15 år eit brev med PIN-kodar i posten. Desse kodane kan du nytte til å levere sjølvmeldinga elektronisk på www.skatteetaten.no, og på same tid registrere din elektroniske ID. Registreringa krev fødselsnummer, PIN-kodar og eit passord du lagar sjølv. Du bør òg registrere mobilnummeret ditt. Då får du ein PIN-kode på sms neste gong du skal logge deg inn med MinID, og treng bare å hugse passordet ditt.

Fornyingsminister Heidi Grande Røys
Fornyingsminister Heidi Grande Røys

MinID kan du òg nytte til andre elektroniske tenester som å bestille skattekort og melde adresseendring på www.skatteetaten.no. Du kan søkje stipend og studielån, søkje betalingsutsetjing og sjekke status på søknader på www.lanekassen.no. Du kan sjekke pensjonen din og byte fastlege på www.nav.no eller nytte skjema og tenester for næringsdrivande på www.altinn.no. På www.noreg.no/miside kan du òg sjå kva opplysningar som er registrerte om deg i offentlege register og få tilgang til fleire statlege og kommunale tenester.

Dersom du ikkje har fått tilsendt PIN-kodar eller har mista dei, kan du bestille nye hos skatteetaten. Ver ute i god tid slik at du har skaffa deg MinID før fristen for innlevering av sjølvmeldinga. PIN-kodane vert sende til den adressa du er registrert med i folkeregisteret.

Regjeringa ønskjer å gjere slutt på pinkode-kaoset du møter som brukar av offentlege tenester. Vi legg difor til rette for at flest mogleg offentlege tenester på nett skal kunne nytte MinID i framtida. Dette vil ta tid, men du kan rekne med at du kan bruke din elektroniske ID til stadig fleire offentlege tenester i framtida. Lykke til!

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.