Ikkje steng nettbutikken din enno

I tre år på rad har underteikna vore med på å dokumentere at gjennomsnittskundane ikkje får til å handle i norske nettbutikkar, sjølv om dei aldri så gjerne vil. Då er det kanskje ikkje så rart at mange butikkeigarar vurderer å leggje ned, slik NTB meldte nyleg, skriv Are Gjertin Urkegjerde Halland i WM-data Consulting.

NTB viser til Norges Varehandelshøyskole si nye intervjuundersøking, der dei foreløpige resultata viser at to av tre som driv nettbutikk er misnøgde med resultata, og at mange vurderer å leggje ned som følge av dette.

Samstundes melder både VISA og MMI om stadig aukande interesse for å kjøpe på nettet, og at netthandelen i Norge stadig når nye høgder.

Det ser altså ut til at kundane er svært motiverte for å handle på nettet, samstundes som butikkeigarane klør seg i hovudet og spør seg kvifor ingen handlar i butikken deira. Kan grunnen være, slik WM-data har dokumentert tre år på rad, at nettbutikkane rett og slett er for vanskelege å bruke?

Det (nesten) tilfeldig valde eksempelet Yatack.no kan kaste lys over situasjonen: Jula 2000 var yatack.no ein av dei høgast profilerte nettbutikkane i Noreg, og blei brukertesta av oss med like nedslående resultater som dei andre i undersøkinga. Kundar flest fekk ikkje til å handle sjølv om dei aldri så gjerne ville, og avansert funksjonalitet så som "intelligente søk" verka meir forvirrande enn oppklarande for folk flest.

I staden for å ta tak i dei grunnleggande problema i butikken (t.d. fjerne unødvendig funksjonalitet, vurdere å forenkle eller kutte ut registeringsprosessen, osb.) slik at folk flest får til å handle, framstår Yatack våren 2003 som ein rein "nerde-butikk" med fokus på mobiltelefonar og datautstyr. Borte er det breie utvalget av produkt som dei ikkje fekk solgt fordi kundesegmenta som var interesserte ikkje fekk til å kjøpe. Yatack.no har "gitt opp" og følger strømmen inn i det etterkvart overfylte segmentet av kundar (generelt menn rundt 30 år med høg IT-kompetanse) som faktisk held ut med krøkkete registeringsprosesser og godtek å måtte prøve og feile mange gongar for å få til å handle.

Dei butikkane som har suksess i dag, er i all hovedsak dei som har tatt brukarane sine på alvor, som arbeider kontinuerleg med å gjere handleprosessen så enkel som mogleg, gjer jamnlege brukartestar for å identifisere hindringar og presenterer sine produkt så detaljert som ei online kjøpsavgjerd faktisk krev.

Men det store markedet ligg framleis upløygd. Den verkeleg enkle og lettfattelige norske nettbutikken finst ikkje enno. Den som folk flest, dvs. vanlege menneske med middels til låg IT-kunnskap enkelt skjønar og finn fram i.

Med fare for å verke ein smule kjønnsfascistisk: Lag ein nettbutikk som sjølv mor kan bruke, og du kan vinne netthandelen!

Are Gjertin Urkegjerde Halland

Information Architect

WM-data Consulting

Til toppen