ANALYSER

Intet digitalt skille blant norske tenåringer

Så å si alle har tilgang til Internett.

1. feb. 2010 - 14:12

(NPK): Så og seia alle norske ungdommar har tilgang til internett. Ni av ti tenåringar er dagleg på nett.

Så mange som 99 prosent av unge mellom 12 og 19 år har tilgang til internett.

Nye tal frå TNS Gallup viser at i 2009 var 89 prosent av norske tenåringar dagleg på internett. Dette er ein auke frå 2008, der 85 prosent av tenåringane fortalde at dei var på internett kvar dag.

Det er verd å merkje seg at Noreg ligg langt framme når det gjeld internettilgang. 90 prosent av innbyggjarane i Noreg har tilgang til internett. For Europa er tala 50 prosent, medan det på verdsbasis er 25 prosent som har internettilgang.

– Dette plasserer Noreg i verdseliten i tilgang til internett, fortel Knut Arne Futsæter, forskingsleiar for medium i TNS Gallup, til Kampanje. (©NPK)

    Les også:

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.