JUSS OG SAMFUNN

Lesarbrev til folket frå Regjeringa.no

Den siste tida har domenenamnet Regjeringa.no vore sterkt profilert i media, etter at våre vener i Arbeids- og administrasjonsdepartementet fekk dildo-sjokk og i ekspressfart fekk dette i på forbodslista til NORID, konstaterer Bjørn Rossland i dette lesarbrevet.

Bjørn Rossland
7. juni 2001 - 10:44

Det å halda fokus generelt er definitivt litt vanskeleg. For i ei dynamisk sak som denne, kjem det heile tida nye spørsmål. Eg skal prøve å oppsummere og stille dei interessante spørsmåla i rett kronologisk rekkjefølgje.

1: Kvifor Regjeringa.no?

For ei tid tilbake oppdaga eg at me har eit hol i den norske lovgjevinga. Ein hadde følgd ei rekkje saker som Kværner vs KV-earner si sak i WIPO. Der Kværner tapte med det som eg sjølv beskriv som klar margin. Denne saka var teken til WIPO som ein konsekvens av at Kværner sine e-postar var på avvege. Og Kværner ville finna eit greitt teppe å kosta saka under. Grunngjevinga var den påfallande likskap i stavemåten av domenenamna. Kværner skriv @kvaerner.com og KV-earner @kvearner.com. Den reint juridiske heimel som var prosessert var varemerkelova som gjeld for firma.

Når det derimot gjeld offentlege instansar finst inga lov som regulerer misbruk av etatsnamn i eksempelvis Internett-samanheng. Ein kunne difor stå på trygg grunn når Regjeringa.no vart registrert, vel vitande om at her kunne vårt øvste statlege organ gjera lite anna enn å blåsa seg opp og bjeffa høgt.

2: Målsaka

Jfr. Mållova har Noreg to likestilte språk i det offentlege. Dette er bokmål og nynorsk. Mållova regulerer dette, men det hjelper ikkje mykje så lenge det offentlege ikkje følgjer denne sjølv. Tidlegare forespørslar frå Noregs Mållag i pressemeldingsform, hjalp ikkje. Og det var rett og slett på sin plass med kraftigare lut for å få dei til å forstå: Skal me først laga ei lov i dette landet, bør alle følgje denne. Om ikkje dette er mogleg så får me avskaffa lova, eller skrive ho om i ein form som let seg handhevast av våre politietatar. Det er på tide at dei set seg ned og ser på dette. Hugs, me er menneskje sjølv om me snakkar og skriv nynorsk.

3: Merksemd

På dette punktet, er det at nær 95 prosent av alle såkalla "domenepiratar" syndar grovt. Me har den siste tida etter regelendringane hjå NORID sett ei oppblomstringa av nyregistreringar av domenenamn. Svært mange av desse blir gjort av personar som meiner at dei skal kunna selja namnet, og gjere gode pengar på det. Problemet er at dei opererer på eit privat budsjett og ofte blir sitjande med eit namn dei ikkje greier å få seld. Eine og åleine fordi dei ikkje greier å skapa merksemd rundt det, og fordi me generelt er leie av å kjøpa namn til overpris.

Meldinga ang. Regjeringa.no vart send til Kulturdepartementet med prisforlangande 1 kopp kaffi, som seg hør og bør i dei kretsar. Etter oppslag i 35 aviser var departementet stille som ei østers i 3 jamfulle veker. Dei vona nok at: "dette finn eit teppe å krypa inn under, om me berre teier". Feil.

4: Vedtaksvegring

Det faktum at våre byråkratar ikkje greier å fatte vedtak på kaffikoppnivå, gjer meg skremd. Korleis skal desse då kunna forvalte statsbudsjett og oljefond? Om ein skal bruke 3 veker på kaffikopp, så er denne forvaltninga feil for alt som har med e-verda å gjere. I denne bransjen går me så fort fram, at me må ha politikarar som i alle fall greier å jogga med.

Dette er det berre veljarane som kan gjera noko med - så stem rett under valet(.no) til hausten.

5: Den gode sak

I Regjeringa.no lét ein ikkje dette stoppa ein. Eg hadde ei klar formeining om at så lenge ein trykkjer på knappar i rett rekkjefølgje, vil ein kunna skape reaksjon. Samstundes ville ein måtte ta fokus inn på ei heilhjarta god sak for å kunne gjennomføre eit nytt 'stunt'. Eg valde difor Støtteforeninga for Kreftsjuke born, som skulle motta heile summen domenenamnet måtte bringe inn. Me la det ut på auksjon i samarbeid med QXL.no og dermed var det duka for at Regjeringa.no kunne bli mjukporno-eigd. Kva med ein vibrerande ministerdildo...? Boda og besøkstala steig til omlag 3400 enkeltpersonar som var inne på auksjonen.

Joda, det var berre å trykkja på dei rette knappane. To dagar før auksjonsslutt kom brev og telefonar frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet med varsel om mogleg søksmål. Dermed måtte auksjonen trekkjast, og på nytt stod dei fram i eit ikkje spesielt fint ljos: Dei hadde nettopp teke bort 20.000 kroner som ville gått til betre livskvaliteten til sjuke born.

6: Regelendring i ekspressfart

I brevet frå A&A Dep. (23.05.01) finn ein denne setninga: "Namnet vil no bli teke inn på forbodslista, Dette gjer at namnet ikkje vil kunne overførast fordi ei slik overføring må reknast som ei nyregistrering i denne samanhengen."

I regelendringa to dagar seinare (25.05.01) frå NORID heiter det: "Overføring av navn regnes som nyregistrering i denne sammenhengen."

På nettsidene til NORID heiter det også: "NORID er en nøytral enhet, og skal forvalte .no-domenet på vegne av fellesskapet i Norge." Som om ikkje det var nok skriv dei vidare: "Som nøytral enhet skal NORID behandle alle søkere likt uavhengig av tilknytning og størrelse"

Artikkelen fortsetter etter annonsen
annonse
Innovasjon Norge
Store muligheter for norsk design i USA
Store muligheter for norsk design i USA

Er det nokon ved sine fulle fem som festar lit til dei siste utsegnene?

Enkelt sagt ville byråkratane og etterdiltarane i NORID gjera det umogleg å selja namnet. Dermed trudde dei at namnet vart verdilaust, til anna enn mine eigne grelle politiske ytringar. Eg kan forsikre at det greidde dei ikkje. Ved denne endringa strøymde nye lesarar til, som hadde fagleg interesse av saka.

Og i tilfelle nokon undrast; denne guten er ikkje tom for triks enno. Men i samfunnsmessig samanheng, har denne saka utspelt si rolle.

7: "Gentlemans agreement" - det å halda ord...

Eg sit no på eit av dei nettnamna i Noreg som på grunn av reaksjonane har vorte vurdert som svært verdifullt. Det er eit faktum at pornoindustrien kunne tenkje seg nettnamn kor dei kan driva politisk påverknad og sal av artiklar. Me veit at denne verdien er på minimum 20.000,- kroner, det bodet som var gjeldande to dagar før auksjonen vart slutta. Men verdien av det å halda ord, er mykje større.

Domenet vil bli skjenka til Arbeids- og administrasjonsdepartementet for ein kopp kaffi. Me er no i forhandlingar om eg får sukker og mjølk til denne. ;-)

Verdien av det å halda ord må alltid vurderast som større enn kroner på bordet.

Intensjonen var å sette fokus på noko som for meg fortona seg som eit juridisk interessant problem. Og den manglande gjennomføring av allereie vedtekne lovar. Slik blir det også mogleg å åtvare politikarane om at dei må springe fortare om dei skal hengja med.

Nest sist vil eg oppmoda lesarane av dette til å gje ei gåve til kreftsjuke born. Familiane som sit rundt borna og ser dei lida, utviser kvar dag det same mot som eg saknar hjå våre politikarar. Dei set eit ufrivillig døme på korleis me alle burde krumma ryggen og gå laus på problem for å få dei løyst. Støtt dei, det trengs!

Aller sist ei åtvaring til våre statsmenn: Neste gong eg bankar på døra vil eg i alle fall ha ein BigMac. Me får sidan forhandla om den skal vera med eller utan dressing.

Vørdsamt

Bjørn Rossland - "domenepirat med utført samfunnsteneste"

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.