(Bilde: Selskapet)

Netflix i samtaler med NRK, TV2

Gjør klar til norgeslansering.

(NPK-NTB): Både NRK og TV 2 stadfestar at dei er i samtalar med Netflix. Den amerikanske nett-TV-giganten siktar seg inn mot ei lansering i Noreg.

Dermed ligg det an til at Telenor-selskapet Comoyo kan få konkurranse, skriv bransjeavisa Kampanje.

- Vi har hatt eit møte med Netflix. Dei er interessert i å snakke med alle som har innhald dei kan bruke for å byggje opp katalogen. Vi er ein del av den marknaden, seier nettsjef Sindre Østgård i NRK.

Han seier at det ikkje har vore konkret diskutert om det inneber at innhald som i dag er gratis i NRKs nett-TV, vil koste pengar.

Kommunikasjonsdirektør Rune Indrøy i TV 2 ønskjer ikkje å seie kva som blei diskutert i møtet med Netflix.

- Vi har møte med veldig mange selskap heile tida og er opptekne av å følgje med på det som skjer i marknaden. Køen av selskap som vil møte TV 2 er veldig lang, og vi prøver å rekkje over så mange som muleg, seier Indrøy.

Netflix ønskjer ikkje å stadfeste møta overfor Kampanje. Selskapet opplyser at det vil gå inn i ein ny marknad i fjerde kvartal, men vil ikkje seie kvar dette er.

Netflix er den største leverandøren i verda av såkalla video-on-demand - på norsk også kjent som klikkefilm - og har over 26 millionar abonnentar. (©NPK)

    Les også:

Til toppen