BEDRIFTSTEKNOLOGI

Nynorsk nettlesar

Som den første nettlesaren i verda (truleg også den einaste) kjem Opera no i nynorskversjon. - Det er slike tiltak som gjer det lettare å vere nynorsk brukar av verdensveven, seier leiar Ottar Grepstad i Nynorsk Forum.

Øystein Kvistad
24. aug. 1999 - 01:45

I den nynorske versjonen er alle menyar og dialogboksar på nynorsk. I tillegg til nynorsk er Opera tilgjengeleg på bokmål, engelsk og tysk, - og fleire andre språk er undervegs.

- Elektronisk publisering av dokument er enklare, lettare og snøggare enn tradisjonell, papirbasert publisering. Verdensveven er difor ein utveg, ikkje eit trugsmål, for norsk skriftspråk, sier leiaren i Opera Software, Jon Stephenson von Tetzchner i ei pressemelding.

Og leiar Ottar Grepstad i Nynorsk Forum er sjølvsagt godt nøgd med at også nynorskbrukarar no får "sin eigen" nettlesar:

- Nynorsk skal ha sin sjølvsagte plass i informasjonssamfunnet. Difor har Nynorsk Forum, som er eit samarbeidstiltak for nynorske organisasjonar og verksemder, bedt regjeringa om å sjå til at at det offentlege berre kjøper dataprogram som finst i begge målformer. Næringsminister Lars Sponheim følgjer no opp dette. Og det nye tilbodet frå Opera Software viser at det finst framsynte folk i dataindustrien - folk som tek den norske språksituasjonen på alvor, meiner Grepstad.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.