Regjeringa opprettar personvernkommisjon

Fornyingsdepartementet med IT-minister Heidi Grande Røys i spissen sendte tidligere i dag ut følgende pressemeldingen om en ny personvern-kommisjon.

- Regjeringa vil opprette ein personvernkommisjon som skal vurdere om personvernet er godt nok verna i dagens høgteknologiske samfunn.- Eg håper ein personvernkommisjon kan føre til at debatten om personvernet blir meir offentleg, seier Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Det finst mange eksempel på at grensene mellom offentlegheita og privatlivet blir tynnare og at det stadig blir vanskelegare å verne om sin eigen rett til anonymitet. På fleire og fleire stader vi ferdast i kvardagen blir vi overvaka av kamera. Fotoapparat og videokamera har blitt integrerte i mobiltelefonar og sørgjer for at vi alle kan bli teke bilete av når og kor som helst.

- Personvernet blir utfordra på ein ny måte i informasjonssamfunnet, og eg meiner behovet er til stades for å vurdere om den nye teknologien som omgir oss stadig meir fører til eit behov for å endre oppfatninga vår av personvern og datatryggleik. Personvernkommisjonen vil få som oppgåve å vurdere lover og reglar samtidig som målet også er å skape ein brei offentleg debatt om personvern, seier fornyingsministeren.

Sjølv om mandatet for kommisjonen enda ikkje er klart, legg Heidi Grande Røys vekt på at eitt av områda ho vil be kommisjonen ta opp er spørsmålet om vi har ein rett til å vere anonyme i dagens samfunn.

- Det er ein interessant og viktig debatt om vi skal ha ein lovfesta rett til å ferdast anonymt eller om vi må godta at somme alltid veit kor vi har vore og når vi var der. Det bør diskuterast kva forholdet skal vere mellom å opprettholde tryggleiken i samfunnet gjennom overvaking og retten vår til privatliv og anonymitet, seier ho.

Til toppen