BEDRIFTSTEKNOLOGI

Språkdebatten: - Glitrande artikkel. Not.

Tusen takk for ein glitrande artikkel i digitoday i dag. Eg må berre få lov til å kommentera nokre av poenga dine for å visa kor flott eg tykkjer haner, skriv Erik Haugen i eit lesarinnlegg til nettavisa.

Digitoday Vaktsjef
11. jan. 2001 - 12:00

Nina Furu skriv: "For det første synes jeg hele ønsket om et "rent" norsk språk er mer enn en liten smule suspekt. Hvor går egentlig grensen mellom språklig renhet og etnisk renhet, som ideal? Er det bare hvite nordmenn med lusekofte og østerdalsdialekt som skal få ytre seg her i landet?"

Stå på, seier eg berre. Hadde det ikkje vore for at kvite nordmenn som har ein svært komfortabel livsstil på beste vestkant solidariserte seg med pakistanarane på Tøyen med å bruka kjetterske engelske ord, hadde Språkrådet fått fritt spelerom til å auka mengda av norske ord med so mange prosent at det rett og slett hadde vorte for mykje for dei småe hjernane til innvandrarane.

"For det andre er norsk, som alle andre levende språk, en dynamisk organisme i stadig forandring. Lånord vil alltid komme til, og har alltid gjort det. Slike ord assimileres og tilpasses gjennom faktisk daglig bruk - ikke gjennom offentlig regulering ovenfra."

Eg er so glad for at du tek opp dette. Kvar dag kjenner eg denne uuthaldelege offentlege reguleringa som pressar seg nedover meg. Hadde dei no berre sett opp framlegga sine på ei oppslagstavle, slik at eg kunne gå å sjå etter sjølv, når eg ville, men nei då, dei skal på daud og liv pressa orda sine ovanfrå og ned i skolten min. Eg får ikkje tenkja, eg må ha luft!

"Og for det tredje - og kanskje viktigst - så virker det som om Språkrådet elegant har hoppet bukk over det som tross alt er språkets fundamentale funksjon: Å kommunisere!"

Dette er kjernepunktet. Å bruka vanskelege ord er udemokratisk. Om eg til dømes skriv at websidene mine krev ein netlesar som stør "råmer", korleis i h.. skal folk vita at eg ikkje meiner økonomiske råmer? Er det berre folk med nordisk hovudfag som skal ha lov til å surfa på netet? Dersom ein stakkar kjem over ordet netnav, og ikkje skjønar ein drit, skal han vera nøydd til å finna fram ei ordbok og læra at det tyder det same som hub?

Det vår vera måte på arroganse. Snakk naturlig, tenk minst mulig! er mottoet mitt.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.