BEDRIFTSTEKNOLOGI

Microsoft har ikkje råd til nynorsk

Verdas største produsent av programvare har ikkje råd til å produsere nynorskutgåver av sine mest brukte program. No krev Microsoft - eit av verdas rikaste selskap - statleg støtte for arbeidet.

Frode Eriksen
28. sep. 2000 - 15:58

Norsk Målungdom tok allereie for tre år sidan kontakt med Microsoft Norge - eller MS Noreg om du vil - med krav om å få tilgang til programvare frå selskapet på nynorsk. Dialogen har så langt berre ført til ein kortfatta konklusjon frå Microsoft: dette blir altfor dyrt.

- Å omsetje Office-programma til nynorsk kan koste nærmare tre millioner amerikanske dollar (28 millioner kroner). Prisen står ikkje i forhold til kostnadene ved å utvikle nye produkt, seier informasjonsansvarleg i Microsoft Norge, Kristin Wåle til Bergensavisen.

Wåle meiner at selskapet kan tenkje seg til å bidra til ei løysing dersom ein kjem fram til eit samarbeid med styresmaktene. Det høyrer med til historia at læreplanen krev at sidemålselevar skal ha tilbod om å få læremiddel på nynorsk.

Haldninga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er at dei er lite lystne på å subsidiere Microsoft.

- Microsoft er verdas rikaste selskap, så eg stiller spørsmål ved at norske skattepengar skal subsidiere Microsoft, seier politisk rådgjevar i KUF, Wegard Harsvik til Bergensavisen.

Forskar Alastair Jenkins, seier til avisa at det nynorskelevane eigentleg streikar mot i dag er Microsoft sitt monopol på programvare. Han peikar på at det finst ei rekkje gratisprogram, til dømes StarOffice og Koffice, som ein kan laste ned frå Internett og sjølv omsetje til nynorsk.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.
Tekjobb
Se flere jobber
En tjeneste fra