DIGITALISERING OG OFFENTLIG IT

− På tide å gå ut av sandkassa og over i den virkelige verden, Trettebergstuen

− Eg vil gjerne utfordre Trettebergstuen til å ta ein kikk i arkivsystemet til departementet og forklare oss, basert på det som er der, kva som er gjort i prosessen med arkivlova sidan NOU’en kom i 2019, skriv Rune Kjørlaug, i dette innlegget i debatten om ny arkivlov.

Rune Kjørlaug satt i utvalget som forfatte nytt utkast til arkivlov i 2019.
Rune Kjørlaug satt i utvalget som forfatte nytt utkast til arkivlov i 2019. Montasje: Thomas Brun, digi.no
Rune Kjørlaug
17. okt. 2022 - 12:00

Norsk Arkivråd har pusta liv i det som burde vera ein mykje meir aktiv og synleg debatt rundt demokrati, openheit og ansvarsgjering i den moderne digitalt transformerte norske offentleg sektor.

Men det er få spor av at Kultur og Likestillingsdepartementet (KLD) tar innover seg ansvaret dei har for dette når dei ein gong eig arkivlova.

Trettebergstuen har rett i at det i prinsippet ikkje er noko feil med intensjonen i dagens Arkivlov. Utfordringa er operasjonaliseringa av lova i forskrifter og tekniske standardar ligg som ei klam tvangstrøye over forvaltninga i form av lokalt installerte sak/arkiv-løysingar kjøpt for å dekke krava i forskriftene.

Det er ei gjengs oppfatning at har ein ei slik løysing, så har ein arkiv.

Ikkje eit argument for at regelverket er godt

Sanninga er nok meir at dette er løysingar som knapt blir brukt, fungerer kanskje for dei som tenker digitaliserte papir/brev-prosessar og er eit mareritt med ein gong det kjem ei sky-basert fagløysing som det skal integrerast mot.

Datasenterproduktene, som er kjernen i vårt produktspekter, har en inntektsvekst på hele 44 prosent fra 2022 til 2023. Den trenden har fortsatt i år, og nå i januar opplevde vi nettopp tidenes beste salgsmåned, sier Anna-Karin Østlie.
Les også

«Ukjent» norsk programvare har millioner av brukere

Sandkassen til Arkivverket kom med den positive bølga med endringsoptimisme i etterkant av NOU 2019:9 «fra kalveskinn til datasjø». Suksessen er eit bevis på at dette tankegodset om digitalisering her var rett, ikkje eit argument for at dagens regelverk er godt nok.

Endringsoptimismen forsvann meir eller mindre over natta med den overraskande omveltinga som departementet kom med i sitt forslag seint i 2021.

Ei utfordring til Trettebergstuen

Eg vil gjerne utfordre Trettebergstuen til å ta ein kikk i sak/arkiv systemet til departementet og forklare oss, basert på det som er der, kva som er gjort i prosessen med arkivlova sidan NOU’en kom i 2019.

Det er dette grunnlaget vi ynskjer at historikaren skal basere seg på når han om 50 år studerer dagens arkiv for å forklare kvifor ståa er slik den er.

Ein slik øving hadde gitt oss eit godt grunnlag for å diskutere kvaliteten på dei arkiv som blir skapt digitalt i dag.

Ut av sandkassen og over i den verkelege verda

Dette hastar. Gapet mellom det som vi tar vare på og det som vi burde tatt vare på veks i takt med digitalisering av forvaltninga. Paradokset er at med desse endringane kjem eit unikt handlingsrom til å skape god og presis dokumentasjon av høg verdi til ein heilt annan kostnad av det vi driv med i dag.

Men då må vi komme oss ut av sandkassen, fikse regelverket og gå over i den verkelege verda.

Min korte versjon er at NOU’en signaliserte at det brenn på dass. Departementet sitt svar var først å helle bensin på bålet. No tek dei fram godlukt-sprayen for at det skal bli litt meir behageleg medan dei utredar vidare.

I mellomtida digitaliserer vi forvaltninga vidare i lykkeleg digital arkivdemens.

− Ny teknologi og digitale løsninger er en forutsetning for å gjøre omstilling til et lavutslippssamfunn mulig, mener Statnett. her fra demonteringen av en 132 kV ledning over Høgsfjorden i Rogaland.
Les også

Statnett: Brukte én milliard på digitalisering i fjor – jekker opp investeringene

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.