KORTNYTT

Advarer mot agressivt domene-salg

8. mai 2006 - 09:13

Post- og teletilsynet advarer mot ny type domenenamnsvindel, skriver tilsynet i en pressemelding. Selskapet har advart om dette før, men det dukker nå opp flere selskaper som forsøker seg med samme knep:

PT får klager frå norske firma som har vore utsette for forsøk på domenenamnsvindel. Svindlarane tilbyr firma å registrere det domenenamnet dei allereie har under .no frå andre toppdomene, som for eksempel .se, .dk eller .net. Påskotet har vore at det finst andre interesserte kjøparar, og at firmaet derfor har kort svarfrist. Prisen for registreringa har som regel vore høg, skriver tilsynet.

Firma som blir kontakta på denne måten med tilbod om domenenamn, bør avvise tilbodet. Er det likevel ønskjeleg å registrere eitt eller fleire av dei aktuelle domenenamna, så bør ein kontakte ein seriøs registrar (ein som registrerer domenenamn) for eit tilbod. Dukkar det likevel opp ein faktura frå det firmaet som prøver å svindle, er det ingen grunn til å betale denne. Det vil vere den aktuelle registraren som må bevise at ei avtale faktisk er inngått.

Den norske domenenamnsmarknaden har til no vore prega av seriøsitet, og dei norske registrarane etablerte i 2005 ei eiga registrarforeining. På Norids nettsider, www.norid.no, finst ei oversikt over .no-registrarar og ei liste over dei forskjellige toppnivådomena, skriver tilsynet.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.