IT-POLITIKK

− Regjeringa prioriterer digitalisering høgt

− Det er ikkje tittelen på ein statsråd eller mengda av «friske pengar» i statsbudsjettet som er avgjerande for om Noreg blir digitalisert, det er summen av alle prioriteringar, skriv kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik kjenner seg ikke igjen i kritikken som har blitt rettet mot regjeringen om mangelen på IT-politikk.
Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik kjenner seg ikke igjen i kritikken som har blitt rettet mot regjeringen om mangelen på IT-politikk. Foto: Are Thunes Samsonsen
Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminister (Sp)
9. nov. 2022 - 13:00

Abelia, Abax og Bekk Consulting skreiv førre veke på Digi.no at digitalisering ikkje er eit prioritert område for regjeringa. Tvert om!

Den endra sikkerheitspolitiske situasjonen krev tydelege og spisse prioriteringar på digitaliseringsfeltet som regjeringa følger opp i det løpande arbeidet.

I dei urolege tidene vi no er inne i, må vi prioritere sikkerheit og beredskap særs høgt. Det pregar prioriteringane i budsjettforslaget for 2023: 

Mykje midlar går til forpliktingar i Schengen-samarbeidet, mobil befolkningsvarsling, styrkt mobil beredskap og utviklinga av ny IKT-løysing for departementa. I lys av den skjerpa trugselen for digitale åtak er dette viktige og riktige tiltak. 

Vi fortsett satsinga for å sikre at norske kommunar har tilgang på eit responsmiljø og forsterkar IKT-sikkerheita i systema sine. 

Noreg er òg aktiv internasjonalt i spørsmåla om eit ope, fritt og sikkert internett og har nyleg signert ei erklæring, saman med 61 andre land, som dreier seg om samarbeid for å ta større grep om cybertrugslar, styrke personvernet og bidra til ein open og konkurransedyktig global økonomi. 

Aukar løyvingane til breiband

I eit elles stramt budsjett aukar vi løyvingane til utbygging av breiband med over 30 prosent og foreslår å bruke totalt 412 millionar på dette i 2023. 

Gjennom løyvingane bidreg vi til utbygging av høghastigheitsbreiband der marknadsaktørane ikkje ser lønnsemda i å bygge ut, i tillegg til føringsveger om ein skulle falle frå. 

Forslaget til løyving til breiband er det høgaste beløpet nokon sinne.
 
Vi startar òg arbeidet med ein ny datasenterstrategi og har hatt på høyring eit framlegg til lovendringar som skal gi betre oversikt over datasenternæringa og som stiller krav til sikkerheit for datasentre, på lik linje med annan telekominfrastruktur.

Kommunal- og distriktsdepartementet og Næringsdepartementet har tatt initiativ til eit 5G-industriforum for å legge til rette for god dialog mellom industrien, offentleg sektor og telekomsektoren. Dette for å auke delinga av industridata i verdikjeder og på tvers av sektorar – og for å støtte innovasjon og utvikling av nye forretningsmodellar basert på sensorteknologi.

Her er det stort potensial, både i privat og offentleg sektor.

Regjeringa har òg store forventingar til Noregs deltaking i Digital-programmet i EU, der vi mellom anna kan sikre norske bedrifter tilgang til felles digitale kapasitetar, slik som tungrekning og kunstig intelligens, og dessutan bidra til at våre digitale verdikjeder ikkje er avhengige av leverandørar i land vi ikkje har sikkerheitspolitisk samarbeid med. 

Digitalisering i offentleg sektor

Arbeidet med digitalisering i offentleg sektor går føre seg i raskt tempo, med både utvikling av meir brukarvennlege og samanhengande tenester for innbyggarar og bedrifter og effektivisering av offentlege verksemders prosessar og ressursbruk. 

Vi er i gong med fleire tiltak som skal bidra til tryggare og betre deling av offentlege data.

Mellom anna skal eit offentleg utval levere ein NOU om meir heilskapleg regulering av dette i november 2023. 

Vi jobbar og vidare med ein ny strategi for bruk av eID i offentleg sektor, mellom anna for å sikre at alle innbyggjarar har tilgang på ein eID med den sikkerheit som dei behøver.

Digital inkludering

På same tid må vi passe på at den raske digitaliseringa ikkje etterlet store grupper av befolkninga utanfor eller svekker personvernet. 

Artikkelen fortsetter etter annonsen
annonse
Innovasjon Norge
På trappene til internasjonal suksess
På trappene til internasjonal suksess

Eg har nyleg leia eit innspelsmøte til arbeidet med ein handlingsplan for digital inkludering. Her bidrog fleire marknadsaktørar med gode framlegg som vi tek med oss vidare i arbeidet med handlingsplanen.

Personvern

Vidare har vi sikra varig finansiering av ei ordning for personvernvennleg innovasjon og digitalisering i Datatilsynet. Slik legg vi til rette for at det blir utvikla personvernvennlege digitale løysingar i både offentleg og privat sektor. 

I Hurdalsplattforma slo vi fast at vi skal utarbeide ein nasjonal strategi for personvern og digitalt privatliv. Nyleg tok eg imot Personvernkommisjonens rapport, som inneheld over 140 ulike framlegg. Desse vil bli grundig vurdert i arbeidet med ein nasjonal personvernstrategi. 

Små og store tiltak

Det blir gjennomført mange store og små digitaliseringstiltak i alle sektorar.

Slike tiltak er ikkje nødvendigvis synlege i statsbudsjettet, då mange blir gjennomførte innanfor gjeldande budsjettrammer.

Det er ikkje tittelen på ein statsråd eller mengda av «friske pengar» i statsbudsjettet som er avgjerande for om Noreg blir digitalisert, det er summen av alle prioriteringar.

Ifølgje EUs DESI (Digital Economy and Society Index) ligg vi blant dei fem landa som toppar indeksen i heile EØS-området, og vi jobbar kontinuerleg for å bli enno betre.

Eg sett pris på engasjementet og deler utolmodet, men eg kan forsikre Abelia,
Abax og Bekk Consulting om at regjeringa prioriterer arbeidet med digitalisering høgt!

Illustrasjonsbilde fra Forsvarets ingeniørhøgskoles mestringsøvelse i mai 2017. Regjeringen oppretter nå en egen etat dedikert til graderte kommunikasjonsnett.
Les også

Ny etat skal levere graderte kommunikasjonsløsninger

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.