Debatt

USA dominerer KI-kappløpet, med Europa langt etter

Europa må satse mykje hardare på å utvikle dei delane av KI-teknologien der vi er eller kan bli konkurransedyktige.

 Med KI kan vi komme i ein liknande situasjon som med elbilar, der europeiske produsentar ligg godt bak USA og Kina, skriv Asbjørn Torvanger i Cicero.
Med KI kan vi komme i ein liknande situasjon som med elbilar, der europeiske produsentar ligg godt bak USA og Kina, skriv Asbjørn Torvanger i Cicero. Foto: Privat
Asbjørn Torvanger, seniorforskar ved Cicero Senter for klimaforsking
20. aug. 2026 - 14:00

Dette debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Innlegg kan sendes til debatt@digi.no.

Utviklinga av kunstig intelligens (KI) går rasande fort. I løpet av dei få siste åra har det komme mange språkmodellar og andre KI-verktøy, og vi ser ein rask vekst i bruken på mange område.

Berre sidan 2020 har børsverdien til IT-selskapa i verda stige 6 til 12 gonger. Bakgrunnen for dette børsverdi-intervallet er fyrst og fremst at det i 2020 var mindre tydeleg kva slags selskap som kunne definerast som KI-selskap.

Børsverdien for 2026 er på 23 tusen milliardar dollar (for 74 selskap) basert på ein brei definisjon av KI-selskap, der store teknologiselskap som Apple, Meta, Microsoft og Tesla er inkludert fordi KI har blitt eit viktig satsingsområde. I tillegg er viktige maskinvarefirma som NVIDIA (minnebrikker) med. Sidan desse store teknologiselskapa har mange andre aktivitetar enn KI, er nok den ‘reine’ KI-relaterte børsverdien lågare.

Til samanlikning er det norske oljefondet per medio august 2026 på omlag 2,3 tusen milliardar dollar (22,17 tusen milliardar kroner).

USA sin dominans

Dei store teknologiselskapa dominerer børsverdien for USA og globalt. Figuren under viser korleis den prosentvise fordelinga av børsverdien av dei 50 største KI-selskapa mellom land har utvikla seg frå 2018 til 2026. Den store dominansen til USA er påfallande i heile denne perioden, og den har auka dei siste fire åra og ligg no på 88–92 prosent (Chat GPT sitt estimat).

Prosentvis fordeling av børsverdien til dei 50 største KI-selskapa i verda fordelt mellom land, frå 2018 til 2026. Illustrasjon:  Asbjørn Torvanger med Chat GPT
Prosentvis fordeling av børsverdien til dei 50 største KI-selskapa i verda fordelt mellom land, frå 2018 til 2026. Illustrasjon:  Asbjørn Torvanger med Chat GPT

Dette talet er usikkert fordi det avheng av kor brei definisjonen av KI-selskapa er. Kina er nummer to på 5– 8 prosent, men denne delen har gått ned dei siste fire åra. Blant dei 50 største selskapa i 2026 er 34 amerikanske. Frå Europa er det berre ASML frå Nederland (maskinvare og programvare for å lage databrikker), Arm Holding frå Storbritannia (design av dataprosessorar og programvare), og SAP frå Tyskland (programvare for ressursplanlegging) som er med, og desse representerer 1–3 prosent av den globale børsverdien.

Ein strategi for Europa

Med den raske veksten til KI kan Europa gå glipp av viktige innovasjonar og ny industriutvikling. Dette vil svekke regionen sin konkurranseevne endå meir i forhold til USA og Kina, med tap av både effektivitetsgevinstar, eksportinntekter og arbeidsplassar. Vi kan komme i ein liknande situasjon som med elbilar, der europeiske produsentar ligg godt bak USA og Kina. Men utfordringa blir endå større med KI fordi dette er ein ‘omveltande’ (‘disruptive’) teknologi som kan påverka den meste i samfunnet og økonomien.

Europa har dei siste åra med god grunn lagt større vekt på beredskap og kontroll med strategiske verdikjedar. Vi har blant anna sett at ressurstilgang kan bli brukt som eit politisk våpen i ein turbulent geopolitisk situasjon. Då er det risikabelt å bli for avhengig av andre land.

Dei dominerande KI-selskapa i USA er privat eigde internasjonale selskap der det er vanskeleg å utøve demokratisk kontroll. Hovudmålet er å tene pengar for aksjeeigarane, som ikkje betyr at dei treng å leggje særleg vekt på mogelege negative konsekvensar for samfunnet, til dømes når det gjeld makt-konsentrasjon, politisk manipulasjon, svindel, desinformasjon, å skape avhengigheit blant brukarane, berekraft og etiske utfordringar. Kinesiske selskap kan i tillegg ha politiske mål bak satsinga på sine KI-selskap.

For å få betre kontroll med KI-teknologien som kan få så stor, omveltande effekt på samfunnet, må Europa satse mykje hardare på å utvikle dei delane av KI-teknologien der vi er eller kan bli konkurransedyktige. Samstundes må dei politiske rammene og reguleringane ikkje vere så strenge at vi taper konkurransen med USA og Kina. Ei viss regulering er nødvendig, men det er gode innovasjonar som utviklar næringslivet og samfunnet.

En halvleder er grunnlaget for brikkene som brukes i moderne datamaskiner.
Les også:

KI-boomen sender brikkeindustrien til værs

Kommentarer
Du må være innlogget hos Ifrågasätt for å kommentere. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto. Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn.