OT-SIKKERHET

Utfordringar med OT-sikkerheit: Frå kaos til kontroll

Begynn med synlegheit! Sørg for at du veit kva som rører seg i OT-miljøet. Målet er å skaffe oversikt utan å påverke den daglege drifta og det eksisterande miljøet.

Det er ikkje enkelt å skulle endre eit eksisterande OT-miljø, beståande av komponentar som har stått der i 10-20-30 år, skriv Magnar Barsnes i Conscia Norge.
Det er ikkje enkelt å skulle endre eit eksisterande OT-miljø, beståande av komponentar som har stått der i 10-20-30 år, skriv Magnar Barsnes i Conscia Norge. Foto: Kubrix_Film&Foto
Magnar Barsnes i Conscia Norge
12. juni 2023 - 15:17

Ei betongsøyle med 15 trådlause aksesspunkt frå ulike produsentar. Plassert i ein fabrikkhall med meir enn 250 ulike trådlause nettverk, saman med ei produksjonslinje som var satt saman av fleire ulike leverandørar, kvar med eigen infrastruktur, eigne brannmurar (om nokon), trådlause nettverk – og sjølvsagt heilt eigne tilgangar inn til miljøet. Dette skisserer kor komplekst eit OT-miljø faktisk kan vere.

Dette er tatt frå verkelegheita og var det som møtte ein tidlegare IT-sjef (som med eitt og var OT-ansvarleg) i eit internasjonalt konsern då han hadde første besøksrunde på fabrikkane.

Og når vi no er inne på dette med kompleksitet – det er ikkje berre enkelt å gjere noko med kompleksiteten: Conscia var leverandør av infrastruktur til eit produksjonsmiljø for nokre år sidan. Infrastrukturen me planla var segmentert, med klåre liner mellom IT og OT (operativ teknologi), og kunde fekk full kontroll på kven som hadde tilgang til kva og når.

Dei fleste OT-leverandørane etterkom krava og leverte sine løysingar ved bruk av den nye felles infrastrukturen. Alle bortsett frå dei to største leverandørane. Dei sette seg på bakbeina og argumenterte med at dette ikkje kom til å fungere. Kunden vart rett og slett bondefanga. Heile den nye produksjonslina var heilt avhengig av desse leverandørane – og utan dei vart heile prosjektet stogga.

Leverandørane sa rett og slett: «It’s our way or the highway».

Norwegian Cyber Range ligger hos NTNU på Gjøvik. Det er her de fire kommunene skal øve på et realistisk hackerangrep denne uka. Bildet er fra åpningen i august 2022.
Les også

Simulerer angrep mot IKT-infrastruktur: – Du er ofte satt sjakk matt fra start

Kva er høgste prioritet innanfor OT-miljø?

KIT-triangelen me brukar innanfor IT, der konfidensialitet har høgste prioritet, er altså innan OT snudd om til TIK: Det er ikkje konfidensialitet eller integritet – men tilgjengelegheit som er viktigast. Altså produksjon, produksjon, produksjon. Helst så effektivt som mogleg. At uvedkomande er inne i produksjonsmiljøet, er (nesten) rivande likegyldig så lenge produksjonen går som den skal.

Og akkurat dette er med på å legge føringar for kva IT-avdelinga og deira partnarar og leverandørar kan påverka. Det som gjeld innanfor IT, gjeld ikkje alltid innanfor OT. Eg tør å påstå at store delar av OT er på det same nivået som IT var på starten av 2000-talet, men heldigvis er det ei rørsle å spore innanfor OT-sikkerheit.

Purdue-modellen  

Purdue-modellen frå 1990-talet har fått sin renessanse. Det med å sette dei ulike komponentane i soner, er noko me innanfor IT har gjort og tilrådd lenge. Sørg for at det utstyret som MÅ snakka saman, og som ligg på same sikkerheitsbehov, ligg i same sone. Sørg for at det er moglegheit for å logge kommunikasjonen mellom soner, gjerne i ein brannmur. Då kan ein i tillegg sette reglar for kven som og kva ein har lov til å gjere kva mellom sonene.

Dess lengre ned i modellen (Purdue) du kjem, dess mindre sikkerheit er det på sjølve eininga, og dess meir er det i sjølve infrastrukturen og tilgangen til eininga.

Men kvifor er det ikkje fleire som brukar denne modellen, når oppsida er så stor som den er?

For nye installasjonar er det nok ofte nokre få store OT-leverandørar som set seg på bakbeina og nektar, som tidlegare nemnt. Og dersom det ikkje vert avdekka tidleg nok i prosjektet, vert kunden bondefanga og må berre seie «ja vel då».

Disse smartingene fikk datamaskinene til å snakke bedre sammen slik at de slipper å vente på hverandre. Fra venstre: Titus van Erp, Anders Lervik, Daniel Zhang og Lukas Baldauf. Sander Roet er med via Teams i skjermen på veggen.
Les også

Datamaskiner tenker kjappere sammen: – Beregning som før tok ett år, kan vi nå gjøre på ti dager

Nesten utenkeleg

Det er ikkje enkelt å skulle endre eit eksisterande OT-miljø, beståande av komponentar som har stått der i 10-20-30 år. Komponentar der produsenten kanskje ikkje lengre eksisterer, som aldri har vore oppdatert, som gjerne er spesialtilpassa akkurat dette oppsettet. Eit OT-miljø som produserer for fullt kvar einaste dag – korleis i alle dagar skal ein kunne seie at dette skal endrast? Det er ikkje rett fram å skulle innføre store endringar i eit slikt miljø. Det er mange gonger meir komplekst enn eitkvart IT-miljø, feilkonfigurasjonar eller andre feil gjev fysiske resultat, feil eller ulykker samstundes som OT-sikkerheita er den som står nedst på lista.

Å byrje i den enden vert som å måle veggane før ein isolerer dei.

Så kva gjer du då?

Begynn med synlegheit! Sørg for at du VEIT kva som rører seg i OT-miljøet. Bruk infrastrukturen du allereie har som ein sensor, alternativt set inn løysningar som såkalla «bump in a wire». Målet er å skaffe oversikt UTAN å påverke den daglege drifta og det eksisterande miljøet. Sjå kva som faktisk er i miljøet ditt, kva sårbarheier du har, kva kommunikasjon som går – så kan du bruke denne informasjonen til å lage ein fornuftig veg vidare.

Artikkelen fortsetter etter annonsen
annonse
Innovasjon Norge
Store muligheter for norsk design i USA
Store muligheter for norsk design i USA

Ein veg der målet er at sikkerheita til ein kvar tid skal ivaretakast og verta betre og betre for kvar dag som går.

Inntil skrivekløen tek meg på nytt, tenk på at det snart er sumarferie og me endeleg kan roe ned, slappe av … Eller vent, kan me det? 

IT-leverandøren Safety Computing holder til på Østensjø i Oslo.
Les også

Påstod IT-plattform var full av feil: «Noe annet ville vært svært uvanlig»

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.