Juss og samfunn

Eks Kampanje-redaktør leier nyoppretta mediesamvirke

Tord Langmoen er tilsett som administrerende direktør i det nyoppretta Landbrukets Medieselskap AS, som omfatter verksemdene Nationen, Bondebladet, Landbruksforlaget samt satsing på Internett. Dei tre selskapa omset for vel 140 millionar kroner og har 120 tilsette.

Frode Eriksen
3. nov. 2000 - 05:00

Langmoen kjem frå stillinga som dagleg leiar i Landbruksforlaget , ei av verksemdene som no vert fusjonert inn i det nye selskapet. Han har elles betydeleg fartstid frå tidskrift, dagsavis og bok, mellom anna sjefredaktør i bladene Kampanje (Hjemmet Mortensen) og Kjøttbransjen samt fagredaktør i Vanebo Forlag. Han har vore journalist i Nationen og informasjonsleiar i Kjøttbransjens Landsforbund. Jordbrukspraksis har han mellom anna frå si tid som gardsbestyrar i Østfold.
Tord Langmoen er opprinneleg frå Åsnes i Hedmark, men bur no i Eidsvoll i Akershus. Han er utdanna diplomøkonom frå BI, landbruksøkonom frå Telemark DH, agronom frå Tomb Jordbruksskole og har eitt år på journalistlinja ved Gimlekollen Mediasenter. Det er venta at han tiltrer i løpet av ei vekes tid.


Landbrukets Mediaselskap vil vere operativt frå 1. januar 2001. Det nye selskapet er eit resultat av at eigarane vil samordne si eiga mediasatsing. Bondebladet og Landbruksforlaget vert fusjonert inn i det nye selskapet. Avisa Nationen vil halde fram som eige aksjeselskap - i hovudsak eigd av Mediaselskapet.

Landbrukets Mediaselskap AS er no eigd av TINE Norske Meierier, Norsk Kjøttsamvirke, Norske Felleskjøp og Landkreditt. Etter kvart vil óg dei fleste andre samvirkebedriftene i landbruket kome med på eigarsida. Etter at fusjonsprosessen er fullført, vil medieselskapet ha ein samla eigenkapital på omlag 45 millioner kroner.

- Det er frå eigarane si side knytt store forventninger til skipinga av selskapet. Vi er difor glade for å ha fått tilsett ein direktør med lang erfaring frå medieverksemd og som i tillegg har nødvendig kunnskap om landbruk og landbruksorganisasjonar, seier styreleiar i Landbrukets Mediaselskap, Steinar Dvergsdal.

Dvergsdal - elles kjend som styreleiar i Norsk Landbrukssamvirke - seier at selskapet har ambisjoner om meir enn å ta ut rasjonaliseringsgevinst i samkjøring av dei tre igangverande verksemdene

Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.
Se flere jobber
Tre jobbtilbud 10 måneder før masteravslutning!
Les mer
Tre jobbtilbud 10 måneder før masteravslutning!
Få annonsen din her og nå frem til de beste kandidatene
Lag en bedriftsprofil
En tjeneste fra