Friprogsenteret som er lokalisert øverst i Papirbredden-kontoret i Drammen, får en egen post i statsbudsjettet og får nå litt mer enn 4 millioner kroner i året.

Friprogsenteret fikk egen post i budsjettet

Friprog-sjef Heidi Arnesen Austlid gleder seg over oppmerksomheten, og noen hundre tusen ekstra.

- Å få egen post i Statsbudsjettet er gjevt. Det er vanskelig å få det til, for ofte kommer man inn under fellesposter, skriver Heidi Arnesen Austlid i et blogginnlegg på friprog.no.

Det tar hun som en stor seier, blant annet fordi det er et signal om at friprog-satsingen er kommet for å bli.

- Dette er en god dag for Friprogsenteret, og vi får en liten økning fra 2008 på 176.000 kroner. Det betyr at vi bikker 4 millioner noe som igjen betyr at vi kan få mer informasjon, kunnskap, deling, gjenbruk og samarbeid, skriver Austlid.

I statsbudsjettet har fornyingsdepartementet satt av godt med spalteplass til Friprogsenteret og fri programvare.

Regjeringen har lenge snakket om å innføre en «preferansepolitikk for fri programvare», men det blir fortsatt med snakket. Ordet «vurderer» står fortsatt sentralt:

Regjeringa vurderer å innføre ein preferansepolitikk for fri programvare, og på annan måte stimulere til meir deling av programvare.

Resten av teksten går på å fortelle mer om friprogsatsingen, og hva regjeringen ønsker å oppnå med den. Her er teksten i sin helhet:

Regjeringa ønskjer at fri programvare i større grad vert teken i bruk i offentleg sektor der den er eigna. Auka bruk av fri programvare kan opne for gjenbruk av løysningar på tvers av offentlege verksemder og kan danne grunnlag for auka kompetanseutvikling i samfunnet. Regjeringa vurderer å innføre ein preferansepolitikk for fri programvare, og på annan måte stimulere til meir deling av programvare. Hausten 2007 vart eit nasjonalt kompetansesenter for fri programvare etablert med støtte frå Kunnskapsdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Kompetansesenteret skal vere ein ressurs for offentlege verksemder som ønskjer å ta i bruk fri programvare. Det er òg løyvd midlar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til einskilde utviklingsprosjekt som vil kunne ha ein positiv verknad på utbreiinga av fri programvare i forvaltninga.

Regjeringa arbeider for at fri programvare i større grad vert teken i bruk i offentleg sektor. Ein kultur for å dele eigenutvikla programvare vil kunne kome organisasjonar, verksemder og innbyggjarar til gode. Bruk av fri programvare kan gjere det mogleg med gjenbruk av løysingar på tvers av offentlege verksemder. For kommunar, som i stor grad tilbyr same type tenester til brukarane sine, vil dette kunne føre til lågare utgifter til innkjøp og utvikling av programvare. Også innbyggjarar og verksemder kan med fri programvare få lågare kostnader for både eingongsinvesteringar på lisensar og jamlege utgifter til vedlikehald, feilretting og oppgraderingar. Auka bruk av fri programvare i offentleg sektor vil kunne minske leverandørbindingar som kan vere usunne for konkurransen i programvaremarknaden, og kan òg skape grunnlag for auka kompetanseutvikling og innovasjon i samfunnet.

Hausten 2007 vart eit nasjonalt kompetansesenter for fri programvare etablert med støtte frå Kunnskapsdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Same haust vart det løyvd støtte til fleire utviklingsprosjekt med ein positiv verknad på utbreiinga av fri programvare og opne standardar i forvaltninga. Regjeringa vurderer å innføre ein preferansepolitikk for fri programvare, og på annan måte stimulere til meir deling av programvare innan det offentlege.

Regjeringa ønskjer at offentlege verksemder i større grad tek i bruk løysingar baserte på fri programvare. Grunnen til dette er mellom anna at bruk av fri programvare kan gjere det mogleg med gjenbruk av løysingar på tvers av offentlege verksemder. Den største barrieren for auka bruk av fri programvare i offentlege verksemder knyter seg til kompetanse. Det er derfor trong for å styrkje kunnskapen om fri programvare hos avgjerdstakarar og IKT-fagfolk i offentlege verksemder, (jf. St.meld. nr. 17 (2006–2007), tiltak 7.10, 7.12).

Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare vart etablert sommaren 2007. Initiativtakarane bak senteret er Buskerud fylkeskommune, Rådet for Drammensregionen, Høgskulen i Buskerud, Troms fylkeskommune, KS og IKT-Noreg. Målgruppa for kompetansesenteret er hovudsakleg offentleg sektor, men senteret skal òg vere ei drivande kraft for heile nasjonen. Fornyings- og administrasjonsdepartementet gav ei løyving i 2007 på 2 mill. kroner til senteret. Senteret har sidan oppstarten arbeidd aktivt med å betre kompetanse knytt til fri programvare i offentleg sektor.

Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare har som mål å betre kompetanse og informasjon om fri programvare, for slik å fremje bruken av fri programvare. Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare skal mellom anna ha ei rolle som tilretteleggjar og pådrivar for

- å kvalitetssikre fri programvare og gjere den tilgjengeleg for alle

- rettleiing og informasjonstenester om fri programvare

- internasjonale, nasjonale og regionale konferansar og seminar

- bygging og drifting av kompetansenettverk

- å etablere kurs og studietilbod innanfor fri programvare

- å utvikle, finansiere og realisere innovasjonsprosjekt

- å initiere nyskaping og bedriftsetablering

- at senteret skal arbeide i lag med tilsvarande senter i andre land, relevante utdannings- og forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt, verksemder som har spisskompetanse innan fri programvare, og dessutan med lokale næringshagar, kunnskaps- og forskingsparkar

Løyvinga (4 176 mill) skal nyttast til å fremje kompetanse og informasjon om fri programvare i offentleg sektor, for slik å auke bruken av fri programvare. Blant aktivitetane skal ein mellom anna rettleie og syte for informasjonstenester om fri programvare ut mot offentlege verksemder.

    Les også:

Til toppen