DEBATT

Vi må snakke om ny arkivlov

Som kanskje litt for få av oss som jobbar med digitalisering registrerte, overleverte Arkivlovutvalet sin utgreiing i førre veke. For kva har vel dette med digitalisering å gjera? Svaret er at det har alt med digitalisering å gjera.

Illustrasjon.
Illustrasjon. Foto: Colourbox
RUNE KJØRLAUG, DIFI
16. apr. 2019 - 05:00
Rune Kjørlaug, seniorrådgiver i Difi. <i>Foto:  Difi</i>
Rune Kjørlaug, seniorrådgiver i Difi. Foto:  Difi

På same vis som informasjonssikkerheit og personvern har fått merksemd dei siste åra, er det på høg tid  å snakke om kor viktig det er å kunne forklare kvifor eit datasystem fungerer som det gjer. Dette er essensen i det vi prøver å få til i «NOU 2019: 9 Fra kalveskinn til datasjø — Ny lov om samfunnsdokumentasjon og arkiver».

Den gjeldande arkivlova vart utforma i 1992. Det var same år som Microsoft lanserte Windows 3.1. På den tida fekk vi høyre at «Windows NT addresses 2 Gigabytes of RAM which is more than any application will ever need», og spelverda blei revolusjonert med «Wolfenstein 3D». Det var ei tid da det digitaliserte A4 arket i form av PDF blei plassert i sentrum som den einaste måten å sikre dokumentasjon i eit langtidsperspektiv.

Gode utviklarvanar

Utviklinga går raskare enn nokon gong. For ettertida er det viktig at vi kan forklare korleis eit system fungerer, og kvifor det fungerer på den måten det gjorde. Dette vil gjera det lettare for alle å forstå og gjenbruke både innhald og logikk frå løysingane som vi lagar i dag. Så arkiv handlar ikkje berre om PDF/A, men like mykje om gode commit-kommentarar når du for n-te gang sender dei gode tankane nedfelt i kode ut i skya – det er dei som gir kontekst og forklaring på dei kodeendringane du har gjort.

Det å fremme og ta vare på gode utviklarvanar er viktig for at vi i framtida skal forstå kvifor dei digitale løysingane våre fungerer som dei gjer! 

Viktige grep

Sjølv om dette kanskje er sett litt på spissen, er det viktig at lovutkastet ikkje blir redusert til berre å gjelde for arkivsektoren. Lovutkastet tek innover seg at vi som følgje av digitalisering ikkje produserer informasjon eller leverer tenester på same måte som før.

Det blir gjort viktige grep som opnar opp for god dokumentasjon gjennom standardisering av plattformer på tvers (slik som Offentleg-Paas samarbeidet), fellestenester og bruk av skytenester (for å lage betre og meir skreddarsydde løysingar til brukarane våre) og ikkje minst deling av data og kjeldekode.

Vis engasjement!

Det kjem forhåpentlegvis snart ei offentleg høyring der alle kan uttale seg om lovutkastet – her er det viktig at de som er utviklarar og arkitektar bidrar både internt i verksemdene og offentleg i diskusjonen. Dette handlar om meir enn dagens arkivfunksjon!

 For dei som ikkje vil lese alle 300 sidene, så har eg eit par snarvegar:

Det er viktig med ein open og tverrfagleg debatt om kvifor gode utviklarvanar og moderne måtar å drifte løysingane på er avgjerande for å skape eit framtidsretta arkiv som vi kan dra nytta av både i notid og framtid.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.