I panelet sit òg Elevorganisasjonen, Læringssenteret og Gaute Hvoslef Kvalnes, som har omsett KDE 2.0 til nynorsk. Korleis kan det ha seg at det er for dyrt for Microsoft å omsetje Office-pakka til nynorsk når Kvalnes har gjort det på fritida?
Det er blant spørsmåla målungdommen vil debattere med programvareselskapet.
28. september streika 21.000 elevar for å få programvaren som vert nytta i skolen på nynorsk. Det er Microsoft Windows og Office som er mest nytta i IT-opplæringa i skolen. Microsoft seier det kostar altfor mykje å omsetje programma til nynorsk.


- Dette kan vi ikkje godta! Nynorskelevar har rett til å få alle læremiddel, også dataprogram, på sitt eige språk, seier leiar i Norsk Målungdom, Astrid Dypvik i ei pressemelding.
- Om Microsoft ikkje vil omsetje programma, oppmodar vi skolane til å gå over til KDE og Linux, sidan KDE finst på både nynorsk og bokmål, seier Dypvik.
I panelordskiftet søndag 5. november må programvaregiganten Microsoft forsvare utsegnene om at det er for dyrt og vanskeleg å gje nynorskelevane programvare på sitt hovudmål. Ordskiftet markerer avslutninga på konferansen "Målstrid 2000" på Manglerud skole, og skoleelevar frå heile landet - frå Kirkenes i nord til Kristiansand i sør - vil vere tilhøyrarar.