Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn mener at vi i Norge har all grunn til å være framtidsoptimister når det gjelder norsk arbeidsliv. (Bilde: Gorm Kallestad / NTB scanpix, Sveinung Bråthen / Venstre. Montasje: digi.no)

Stortingsvalg

Noreg har dei beste moglegheiter for å blomstre i ei globalisert og høgteknologisk verd

De fire neste årene blir viktige for norsk arbeidsliv, skriver Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre, i denne kronikken.

  • Juss og samfunn

Arbeidslivet er i stor endring. I USA testar Uber sjølvkjørande bilar, og her heime testar Kolonial.no ut bruk av dronar til matlevering. Den nystarta tenesta Dr. Dropin lovar oss køfrie helsetenester. Talet på arbeidstakarar som er i landet på korttidsopphald har auka med 2000 på eitt år, og det er i dag over 79.000 korttidsarbeidstakarar i Norge. Teknologien og globalisering i høggir endrar arbeidslivet vårt fortare enn lovarbeidet på Stortinget heng med. Difor vil den viktigaste jobben på Stortinget dei neste fire åra gå ut på å oppdatere norsk lovverk slik at vi med sjølvtillit kan gå framtidas arbeidsmarknad i møte.

Sveinung Rotevatn er stortingsrepresentant for Venstre..
Sveinung Rotevatn er stortingsrepresentant for Venstre.. Bilde: Sveinung Bråthen

Globalisering og automatisering blir av mange skildra som utfordringar for Noreg og norske arbeidsplassar. I 2015 var ein av tre LO-tillitsvalde redde for at resultatet av automatisering vil vere færre tilsette. Samstundes har dei raudgrøne brukt mykje av tida si på Stortinget til å forsøke å legge lokk på arbeidsinnvandring frå EU.

Eg forstår frykta til dei tillitsvalde, all den tid det vert malt eit dystert bilete av automatisering. Derimot er eg overtydd om at Noreg har dei beste moglegheiter for å blomstre i ei globalisert og høgteknologisk verd. Noreg skårar godt på produktivitetsskalaen, ikkje minst fordi vi har ein høgt utdanna og motivert arbeidsstyrke.

Den norske økonomien er i tillegg relativt open og i stor grad eksportretta. I internasjonal samanlikning er det difor all grunn til å tru at Noreg vil vere eitt av dei landa som tener på globaliseringa. Trass dette har vi mykje å gjere for å sikre at norsk lovgjeving halde tritt med teknologi og globalisering.

I fleire sektorar ser vi korleis teknologi endrar norske arbeidsplassar. Delingstenester og tenester «på etterspurnad»  gjer det mogeleg for fleire å jobbe når dei ønskjer det. Talet på sjølvstendige i Noreg er lavt samanlikna med resten av Europa, men tal frå resten av verda viser at det er teknologi som driv denne auken. Det er berre eit tidsspørsmål før delingsøkonomien for alvor etablerer seg i Noreg, og som DN-kommentator Eva Grinde skreiv: «Å kjempe mot denne typen tilpasning til brukernes behov er en tapt kamp i utgangspunktet».

Delingsøkonomien får fleire konsekvensar for norsk arbeidsliv. Fleire arbeidstakarar vil skifte jobb fleire gonger i løpet av eit langt arbeidsliv, og fleire vil som sjølvstendig ha fleire arbeidsgivarar. Vi vil òg sjå færre siloar og større utveksling mellom forskjellige sektorar. MIT-økonomen David Deming skildrar framtidas jobbmarknad slik: «It’s the jobs that combine technical and interpersonal skills that are booming». Vi må difor sjå til at norske pensjonsreglar gjer det lettare å la den einskilde ta med seg pensjonsrettane når ein vekslar jobb, òg frå det offentlege til privat sektor.

Fordi teknologi utviklar seg i eit høgt tempo, vil framtidas arbeidstakarar måtte gjennomgå fleire utdanningsløp gjennom eit langt arbeidsliv. Meir automatisering vil òg seie at fleire jobbar vil krevje teknologisk dugleikar. Det vil seie at fleire kjem til å trenge korte eller lengre utdanningsavbrekk frå arbeidslivet.

Dette bør vi leggje til rette for, både når det gjeld pensjon- og trygderettar, men òg når det gjelder å gje arbeidsgivar auka insentiv for å tillate slike avbrekk for å oppdatere kunnskap og ferdigheiter. Heile samfunnet tener på at vi ligg i OECD-toppen på høgt utdanna arbeidskraft, og slik bør det framleis vere.

Globalisering vil i nær framtid bety ytterlegare europeisering for norsk arbeidsmarknad. Europeisk og transatlantisk arbeidsmobilitet vil bli viktigare for å hente nye impulsar og erfaringar til Noreg. I dag har vi kompliserte og restriktive reglar for slik mobilitet, og å bruke nokre år i arbeid i utlandet kan for mange kjennast som å gamble med pensjonsrettane sine.

Vi treng meir, ikkje mindre mobilitet, både for å la nordmenn hauste erfaringar i utlandet, men òg for at det skal bli enklare for høgt kvalifiserte utlendingar å bu og arbeide i Noreg.

Dei neste fire åra blir viktige for utforminga av norsk arbeidslivspolitikk. Eg meiner vi i Noreg har all grunn til å  være framtidsoptimistar. Vi må berre passe på at lovverket vårt heng med på globaliseringa og teknologiske utviklinga. 

Kommentarer (7)

Kommentarer (7)
Til toppen