JUSS OG SAMFUNN

Nynorsk - eit nettare språk

"Ingen har betre herredøme over språket enn den som teier når det trengst. Ein person av få ord har dessutan den føremonen at han slepp å eta i seg så mange av dei", skriv ordkunstnaren Ivar Eskeland. Men har ikkje nynorskbrukarane halde kjeft lenge nok no, spør Øystein Kvistad i dagens kommentar.

Øystein Kvistad
19. jan. 1998 - 07:00

I år er det 150 år sidan Ivar Aasen gav ut "Det norske Folkesprogs Grammatik", eit verk som saman med "Ordbog over det norske Folkesprog" (1850) la grunnlaget for vår kjennskap til norsk mål.

Aasens skriftspråk forma på grunnlag av dei norske dialektane, vart kalla både "landsmål" og "det norske folkesprog". Først i 1929 fekk "landsmålet" det offisielle namnet "nynorsk" (og "riksmålet" vart til "bokmål").

Til neste år er det 60 år sidan Samlaget (som ikkje gjev ut pornografi slik mange svenskar trur) gav ut si første nynorskordliste med den nye rettskrivinga som kom i 1938. Den nye læreboknormalen som kom i 1959, gjorde det nødvendig å lage nye ordlister som var meir representative for den verkelege målbruken i den nynorske skriftkulturen.

Sidan har Samlaget pumpa ut ordliste på ordliste, men utan at andre enn elevar og lærarar i grunnskolen, nokre få aviser som til dømes Dag og Tid, Firda og Sunnmørsposten - og sjølvsagt ordekvilibristen Eskeland - ser ut til å vere spesielt aktive brukarar av trykksakene. Forutan Noregs dyktigaste jazzkritikar, Roald Helgheim (eks Klassekampen, no Dagsavisen Arbeiderbladet), finst det óg ein og annan kyrkjelyd som framleis held på nynorsken som hovudmål,

Men elles er det langt mellom nynorskbrukarane, ikkje minst i media.

Og på Internett er dei heilt fråverande.

Kvifor det?

"Nynorsk is a better language", var slagordet til Noregs Mållag for nokre år sidan. Heilt håplaust, sjølvsagt, men bodskapen var velmeint nok. Personleg er eg ikkje i ringaste tvil om at det ikkje finst eit betre språk enn nettopp nynorsk om ein vil uttrykkje seg kort og presist. Om du er bokmålstilhengjar aldri så mykje, nynorsk er den beste medisin du kan ta mot "substantivsjuke" - ein sjukdom som stadig oftare synest å ramme journalistar i mellom anna Aftenposten.

I Hanseids avis nyttar journalistane i aukande grad substantiv som er avleidde av adjektiv eller verb, i staden for å nytte det enkle adjektivet eller verbet. "Vi vil at saken skal bli gjenstand for en granskning av en uavhengig kommisjon", skriv Aftenposten, mens ein nynorsk bladfyk ville formulert seg slik: "Vi vil at saka skal granskast av ein uavhengig kommisjon".

Les du Eskelands bøker skjønar du straks kva språkleg presisjon er: "Kor enorme mengder skogar me kunne ha spart om det fanst ei lov som tvinga oss til å bruke dei rette ord i uventa samanheng - som orda aldri før hadde opplevt. Greier ein det ein hende gong, skriv ein ikkje berre so godt ein kan, men betre enn ein kan [...] Det er med ord som med pengar. Dei er unyttige til dess dei blir sette i arbeid. Apropos pengar: Me burde honorerast for alt me ikkje skriv. Og apropos ord: Det er ein god regel å kjenna dei store orda og bruka dei små. Tykkjer du likevel at du har for magert vokabular, kan det hjelpa å gifta seg med eitt, har eg høyrt."

Kunne du sagt det same like elegant på bokmål?

Slett ikkje.

Så kvifor er det ikkje fleire redaksjonar - digi.no inkludert - som tek nynorsken på alvor i journalistikken? Kor er det blitt av den gamle, gode språkrøkta? Norske media - og særleg tabloidavisene kanskje - burde heller dyrke fram eit kortfatta språk tufta på nynorsken framfor å bedrive ord i bokmålslanghalmen. For nynorsk er eit nettare språk - i dobbel tyding.

Kort sagt: Kor blir det av målmennene på Internett utover det at dei står omtala på sportssidene i Nettavisen, Dagbladet og VG?

Journalist Ivar Longvastøl (40) i avisa Firda fekk nyleg Gulaprisen 1997 for framifrå nynorsk journalistikk. Prisen er skipa som eit minne om avisa Gula Tidend, som gjekk inn sommaren 1996, over 90 år etter at det første nummeret var på gata i Bergen.

digi.no gratulerer, men spør samtidig: Kor lenge må vi vente før ein nettjournalist gjer seg fortent til Gulaprisen?

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.