debatt
Nøytralitet og harmonisering
Underdirektør John-Eivind Velure i Post- og teletilsynet greier her ut om behovet for nettnøytralitet og harmonisering av spektrum.
PT tildeler i hovudsak teknologinøytrale frekvensløyve med lang varigheit. Omgrepet burde kanskje heller ha vore teknologifleksible løyve, sidan ein aldri kan oppnå fullstendig nøytralitet. Dei tekniske vilkåra vil alltid favorisere éin eller nokre få teknologiar.
PT meiner at nøytrale løyve gjev stor fleksibilitet for dei som skal bruke frekvensane til å produsere tenester som vert etterspurt av sluttbrukarane. Det gjer også at vi unngår store og vanskelege prosessar for å endre løyva når ein teknologi er moden for utskifting. Innehavaren kan sjølv velje å endre bruken innanfor rammene av frekvensløyvet. Samstundes gjer teknologinøytrale løyve det mogleg å nytte fleire ulike frekvensband til å produsere same type teneste.
Harmonisering og plassering