26. juni 2025, 11:58 - Redaksjonen

Unngå dyre mobilfellar i ferien

Skal du reise med ferje til utlandet i sommar? Då bør du vere ekstra merksam på mobilbruken om bord – elles kan ferien bli dyrare enn planlagt.

– Mange trur dei kan bruke mobilen om bord på ferjer til utlandet utan ekstra kostnader, slik som elles i EU/EØS. Men reglane for roaming gjeld ikkje til havs – og då kan det fort bli dyrt å ringje eller surfe på nett, seier avdelingsdirektør Kamilla Sharma i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) i ei pressemelding.

Når du er om bord på ferjer eller skip, koplar mobilen seg til eigne basestasjonar som nyttar satellittforbinding til land. Dette blir kalla «ikkje-landbaserte mobilnett», og her gjeld ikkje reglane for «Roam Like Home». Så sjølv om du er i Europa, kan det bli ekstra kostnader viss du brukar mobilen.

– Det første du bør gjere, er å sjå etter informasjonen som finst om bord. Ofte heng det oppslag i nærleiken av resepsjonen eller ved inngangen til ferja, som fortel kva det kostar å bruke mobilen, seier Sharma. (hf)