sommerintervjuet
Sognenett-leiaren: – Det digitale klasseskillet bør settast på dagsorden
Ole Petter Hatlevoll (til venstre) er dagleg leiar i Sognenett. Han mottok diplom da selskapet vart kåra til årets regionale carrier (fiberoperatør) av Carriers forum i 2018. Til høgre er dagleg leiar i Stamfiber, Guttorm Haugan, som mottok pris for bygdefibermodellen, som årets fiberambassadør.
Foto: Håvard Fossen
Gjennom sommaren stiller vi ei rekkje sentrale personar i telekom-bransjen nokre faste spørsmål om blant anna kvardagen etter korona, situasjonen i telekom-sektoren, og om dei sjølv.
Ole Petter Hatlevoll er dagleg leiar i Sognenett, og har vore det sidan 2011. Han starta i selskapet som markedssjef i 2009. Sidan har selskapet gått frå tre til 19 ansatte og – med hans eigne ord – frå «hobby- og dugnadsbreiband til ein anerkjent leverandør i bransjen». Ole Petter sitt i tillegg i styret hos både Fiberforeningen og ATB-Nett.
Internett like sjølvsagt som vatn og straum