På ein scene sparsamt opplyst i blått vrir ein dansar på seg til vagt urovekkjande elektronisk musikk. Men det er ingen musikar som skapar lydane på ein synthesizer, og ho dansar heller ikkje til eit opptak. Det er bevegelsane til dansaren som skapar musikken.
Mannen bak prosjektet er postdoktor Cagri Erdem frå Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo (UiO). Han forklarar kva som skjer:
– Vi har utvikla eit interaktivt system for samskaping av bevegelse og lyd. Ved hjelp av muskelsensorar og bevegelsessensorar vert dansen omdanna til elektroniske lydar.


Han utvikla fyrst stykket Vrengt som ein del av doktorgraden sin ved Ritmo Senter for tverrfaglig forskning på rytme, tid og bevegelse, eit senter for framifrå forsking ved UiO.
Teknologien må tilpassast

Så, for eit par år sidan, fekk han tilbod frå Bergen Senter for Elektronisk Kunst (BEK) om eit gjesteopphald der. Det har han brukt til å utvikla eit nytt stykke saman med den same dansaren, Katja Henriksen Schia.
– Det spesielle er at vi utviklar teknologien parallelt med det kunstnarlege uttrykket. Det er ikkje slik at vi fyrst utviklar teknologien og etterpå kan kven som helst ta han i bruk. Teknologien er skreddarsydd til dette stykket, forklarar Erdem.
– Skal du bruka den same teknologien til eit anna stykke, må han tilpassast til det. Det blir nesten som om du måtte stemma om gitaren eller justera han på andre måtar for kvar ny song.
Brukar musikk til å forska
Han forklarar at dei brukar biologiske signal som muskelsamantrekningar, og dei endrar seg drastisk frå person til person.
– Så om nokon andre enn Katja skulle utføra verket, ville det kravd mykje tilpassing, seier Erdem.
– Faktisk endrar dei nevroelektriske signala hjå den same personen seg gjennom dagen. Det kan vera vel så utfordrande å kalibrera for. I forskingssamanheng kalibrerer vi med ein til to timars mellomrom.
Han har sjølv bakgrunn som musikar og er oppteken av at kunst og forsking kan spela saman og gjera kvarandre rikare.
– Dei siste tiåra har vi brukt teknologi og forsking til å laga musikk. No kan vi bruka musikk og kunst til å forska, seier han.
Luftgitar som lagar lyd
– Dei ulike prosjekta mine ligg i grenseområdet mellom musikk og forsking. Nokre er nærare det kunstnarlege, andre ligg nærare forskinga.
Eitt av prosjekta som ligg nærare forskinga, kan ein sjå i videoen nedanfor. Det kan sjå ut som draumen til ein headbanger: ein luftgitar som lagar lyd (sjølv om det er eit stykke att til Jimi Hendrix eller Van Halen).
– Det ser kanskje litt kuriøst ut, men kollegar i forskargruppa mi på Institutt for informatikk forskar faktisk på moglegheitene for å ta i bruk liknande teknologi for å utføra fjernstyrte operasjonar, seier han.


– Så her er det ikkje det musikalske som er målet, men det vitskaplege.
Artikkelen blei først publisert på Titan.uio.no

Forsker på VR i undervisning: – Et kraftfullt verktøy




