fra forskning

Vil vekke elevane med VR

Korleis kan vi gjere undervisning om klimaendringar meir engasjerande? Deniz Atal Demirbacak forskar på korleis Virtual reality (VR) kan brukast til å engasjere ungdomsskuleelevane.

Å forstå klimaendringane er ikkje nok. Målet med et nytt VR-basert prosjekt er å gi elevar ei følelsesmessig tilknyting, slik at dei reflekterer over sitt eige liv og ønskjer å finne løysingar på problema. 
Å forstå klimaendringane er ikkje nok. Målet med et nytt VR-basert prosjekt er å gi elevar ei følelsesmessig tilknyting, slik at dei reflekterer over sitt eige liv og ønskjer å finne løysingar på problema.  Illustrasjonsfoto: Colourbox
Marit Brennset, Oslo Met
28. des. 2025 - 16:00

Seksjonen Fra forskning består av saker som er skrevet av ansatte i Sintef, NTNU, Universitetet i Oslo, Oslo Met, Universitetet i Agder, UiT Norges arktiske universitet, Universitetet i Sørøst-Norge og NMBU.

– Eg vil at elevane skal forstå klimaendringane på ein djupare, meir konkret måte, som vekkjer meir følelsar, seier Deniz Atal Demirbacak.

I september kom ho frå Ankara University i Tyrkia til Noreg på eit forskingsopphald. Etter to månader med å handtere det praktiske ved å flytte til eit heilt nytt land saman med mann og barn, er ho klar for å dykke ned i forskinga.

Dei neste to åra skal ho forske på korleis bruk av VR i undervisning kan auke ungdomsskuleelevar si evne til å forstå klimaendringane og inspirere dei til å iverksette tiltak.

Skal spele på følelsar

Deniz Atal Demirbacak si forsking skal inspirere ungdomsskuleelevar til handling. Foto:  Sonja Balci/Oslo Met
Deniz Atal Demirbacak si forsking skal inspirere ungdomsskuleelevar til handling. Foto:  Sonja Balci/Oslo Met

For å få til det skal ho designe VR-opplevingar som får brukaren, i dette tilfellet eleven, til å både sjå, høyre, og av og til påverke, i miljø som er berørt av klimaendringane. Det skal også vere mogleg å vise eleven korleis deira eigne handlingar kan påverke, på godt og vondt.

– VR er eit kraftfullt verktøy, fordi det tek med eleven direkte inn i situasjonen. Opplevinga fangar merksemda deira, reduserer distraksjonar og hjelper dei å skape følelsesmessige band til innhaldet. Her kan dei observere årsak og verknad på ein måte som lærebøker og videoar ikkje klarar, seier ho.

Må vere nyttig

For å få eit verktøy som er nyttig i undervisning, skal ho intervjue lærarar og elevar, i tillegg til ekspertar på VR. For Deniz er det viktig at eit slikt verktøy er pedagogisk relevant, meiningsfullt og i tråd med læreplanen, i tillegg til at det faktisk er nyttig i eit klasserom.

– Målet er at scenarioa vi brukar i verktøyet, er tilpassingsdyktige scenario som er moglege å bruke og endre lenge etter at prosjektet er ferdig. Eg ønskjer også at lærarane skal lære verktøyet, slik at dei sjølve kan bygge scenario som er relevante i framtida, seier ho. 

Spørsmålet er «kvifor»

Forskaren sitt store mål er ikkje berre å hjelpe elevar med å forstå klimaendringane, men å få ei følelsesmessig tilknyting som gjer at dei reflekterer over sitt eige liv, forstår relevansen og ønskjer å finne løysingar på problema. 

– Eg vil at dei skal endre tankegangen frå at «klimaet endrar seg» til å tenkje på kvifor det skjer, korleis det påverkar dei og korleis dei sjølve kan gjere noko for å stoppe den negative utviklinga, seier ho.

Men korleis skal det gjerast? Har dagens lærarar høg nok digital kompetanse til å handtere slike verktøy på eiga hand?

Ikkje eit problem, seier Demirbacak.

– Eit av dei sterke aspekta til dette prosjektet er at vi skal benytte oss av eit nettbasert VR-designmiljø. Eg skal skape eit miljø basert på lærarane og elevane sine reelle problem og behov. Eg vil også få kontinuerlege tilbakemeldingar frå VR-ekspertar og kjem til å bruke tid på Cicero, senter for klimaforskning, for å få hjelp til å utvikle ulike scenario, seier ho.

Det betyr at lærarar som skal bruke verktøyet, ikkje treng å kunne programmering for å skape eller endre materiale. Lærarane kan, med litt opplæring, sjølve utforske, endre eller bygge læringaktivitetar direkte i brukarvennlege grensesnitt, utan tekniske barrierar.

– Eg føler eit sterkt ansvar i rolla mi som forskar, og eg vil fullføre dette arbeidet som eit positivt bidrag til både utdanning og klimabevisstheit, seier ho.

Artikkelen ble først publisert på Oslomet.no

For å bruke søkemotorer må du uttrykke søkeord, stave riktig og forstå og vurdere treffene. Det er krevende for mange.
Les også:

Mange strever med søkemotorer: – Et demokratisk problem

 

Kommentarer
Du må være innlogget hos Ifrågasätt for å kommentere. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto. Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn.