– Så godt som alle politikarar i Norden seier ja til kunstig intelligens. Men den politiske styringa bak utviklinga er svak. Kunstig intelligens vert framstilt som løysinga på dei fleste problem, seier samfunnsforskar Frans af Malmborg.
I den ferske doktoravhandlinga si frå Universitetet i Agder har han undersøkt korleis politikarar i Norden og EU snakkar og utviklar politikk om kunstig intelligens (KI).
Konklusjonen er klar. Uavhengig av politisk parti eller land er bodskapen den same: Vi treng meir kunstig intelligens.
– Politikarar ser på kunstig intelligens som ei drivkraft for effektivitet og økonomisk vekst. Men eg finn nesten ingen som stiller kritiske spørsmål, seier Malmborg.
EU set dagsorden

Forskaren påpeikar at studien vart gjennomført før Chat GPT vart lansert i 2022. Etter den tid har det kome fleire kritiske røyster.
– Studien viser at politikarar ser kunstig intelligens som noko uunngåeleg. Det blir sett på som ei utvikling det ikkje er mogleg å styre politisk. Dermed vert styringa overlaten til marknaden og reguleringar frå EU.
Malmborg har sett på politiske dokument og debattar i EU, Sverige, Noreg, Danmark og Finland. Han finn ein gjennomgåande tendens: Landa tilpassar seg EUs politikk.
– EU har på si side henta forståinga si av KI frå ei optimistisk forteljing om teknologi og kunstig intelligens som alle ser ut til å vere samde i. EU byggjer politikken sin på ideen om at Europa ligg bak Kina og USA, og at vi må satse stort for å ta igjen forspranget. Denne forteljinga har fått fotfeste overalt, seier han.
Han viser til at både marknaden og næringslivet i stor grad formar EUs retning. Slik vert politikken marknadsdriven, ikkje statleg og politisk styrt.


– Det er ei slags overtru på at KI vil løyse det meste, seier Malmborg.
Kopi av EU-politikk
I dei nordiske landa snakkar politikarane gjerne som om dei har sin eigen KI-politikk. Men i realiteten er det meste kopiert frå EU, ifølgje Malmborg.
– Det blir sjølvsagt tilpassa lokale forhold. I Sverige blir utviklinga til dømes kopla tett til selskap som Volvo og Ikea. Men sjølve grunnideen om at KI er positivt og nødvendig, vert delt av alle, seier han.
Han har gått gjennom debattane i den svenske Riksdagen frå 2016 til 2022. Der finn han få spor av usemje mellom dei ulike partia.
– Alle meiner det same: Meir KI er vegen framover. Det finst nesten ingen stemmer som peikar på utfordringar med personvern, arbeidsrettar eller klima, seier Malmborg.

KI-forsker: Mener Norge mangler en visjon for kunstig intelligens
Politiske forskjellar blir viska ut
Vanlegvis er det klare ideologiske skiljelinjer i politiske spørsmål, til dømes om skatt. Men når det gjeld KI er tonen ein annan.


– Sjølv om det finst nyansar i kva teknologien kan brukast til, er alle samde om at vi treng meir av sjølve teknologien. Det er oppsiktsvekkjande, seier Malmborg.
Han viser til eit døme frå Riksdagen: Ein liberal politikar argumenterer for at KI skaper vekst, medan ein miljøpolitikar meiner teknologien kan frigjere tid for arbeidstakarar. Begge ser positivt på teknologien, berre med ulik grunngiving.
– Det illustrerer ein viktig forskjell i verdiar, men ikkje i synet på teknologien i og for seg. Det er ei brei semje om at KI er bra, seier Malmborg.
– Politikken sviktar ansvaret sitt
Malmborg meiner den teknologiske semja er problematisk for demokratiet.
– Politikarar skal diskutere både fordelar og ulemper. Når det gjeld kunstig intelligens, er det liten vilje til å problematisere. Det gir svak styring og altfor stor makt til store teknologiselskap, seier han.
Han seier tida er inne for å utvikle politiske verktøy og ideologisk forståing for å møte dei utfordringane KI fører med seg. Ikkje minst fordi teknologien endrar arbeidsmarknad, helsetenester og offentleg sektor i rekordfart.
KI er ikkje berre teknologi
Malmborgs forsking viser at KI ikkje berre er ein nøytral teknologi, men eit politisk prosjekt som byggjer på visse idear om effektivitet, vekst og modernisering.
– Dette handlar om kva samfunn vi ønskjer oss. Når alle parti er samde om meir KI, utan å diskutere kva det faktisk inneber, mistar vi viktige politiske perspektiv, seier han.
Artikkelen blei først publisert på UiA.no

KI skal selvfølgelig ikke brukes ukritisk