Enklare å dele transportdata
Samferdselsdepartementet foreslår lovendringar som skal gjere det enklare å bruke kollektivtransportdata til å styrkje tilbodet og å nå transportpolitiske mål. Forslaget er no sendt på høyring, skriv regjeringa.
Staten har gjennom Entur AS bygd opp ein felles digital infrastruktur for reiseplanlegging, billettenester og kollektivtransportdata. Oppgåvene som Entur utfører, gjer at dei sit på store mengder data. På grunn av personvernregelverket og regelverket om vern av forretningshemmelegheiter kan ikkje desse dataene per i dag delast vidare med transportmyndigheiter og andre med samfunnsnyttige formål, utan at det finst eit eige lovgrunnlag for det.
– Vi vil gjere Entur i stand til å dele data med andre verksemder i kollektivsektoren. Desse dataene kan blant anna bidra til forbetringar, slik at vi får meir ut av vegar, banar, rutetilbod og andre ressursar. Med tilgang til fleire data blir det for eksempel enklare å føreseie reisestraumar og styre reisåtferda smartare. Med desse grepa kan vi altså gi dei reisande eit betre tilbod, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.