Norge kan satse på KI-forskning med ny superdata
Regjeringa har lova å bruke minimum ein milliard kroner over fem år på norsk KI-forsking. No er arbeidet i gang med å ruste opp reknekrafta som trengst for å følge opp satsinga, skriv regjeringa i ei pressemelding.
No er kontrakta signert. Noreg får ei ny superdatamaskin. Det var Hewlett Packard Enterprise Norge som i slutten av mai vann anbodskonkurransen, med ein kontraktsverdi på 225 millionar kroner. Den nye superdatamaskina er den kraftigaste i norsk historie og vil bidra til eit betydeleg løft for nasjonal forsking og innovasjon innan KI.
– Dette er eit stort steg vidare for Noreg som kunnskapsnasjon. For å henge med i KI-kappløpet, må vi vere mindre avhengige av utanlandske aktørar. Vi må syte for at vi har nok reknekraft sjølve. Det er avgjerande for å sikre norsk kunnskapsberedskap og nasjonal tryggleik, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).